hits

Målkåte sogningar

Heisann!

Då var 30.runde spelt, og me spelte kamp mot Vålerenga på Fosshaugane Campus den 26 november 2017 klokka 18:00. 

Eirik Bakke stilla med desse elleve 

Mathias Dyngeland

Taijo Teniste - Per Magnus Steiring - Kjetil Wæhler - Even Hovland - Ole Martin Rindarøy 

Gilbert Koomson - Eirik Birkelund - Chidiebere Nwakali - Stanisa Mandic 

Martin Ramsland 

Benken: Tarjei Omenås, Reiss Greenidge, Bjørn Inge Utvik, Eirik Schulze, Joachim Soltvedt, Markus Brændsrød og Bendik Bye. 

5 min: Mål 1-0 Sogndal, Ole Martin Rindarøy. Koomson med eit innlegg i feltet der Stanisa Mandic står. Han får heada på mål, og ned i hjørne, men keeper Adam Larsen Kwarasey reddar. Rindarøy er kjapp på beina, og fangar returen frå Kwarasey, og set den enkelt i nærmaste hjørne. Akkurat no er Sogndal på kvalik. 

24 min: Mål 1-1 Vålerenga, Henrik Kjelsrud Johansen. Robert Lundström kjem på til eit innlegg, det det er fire Sogndalsforsvarar. Sogndals nummer 15, Per Magnus Steiring prøver å få Lundström til å skyte innlegget bak mål. men pasningen blir trilla med bakken der Kjelsrud Johansen treff ballen perfekt før Vålerenga veteran Kjetil Wæhler prøver å blokkere skotet. Dyngeland er med på notane, men er i denne situasjonen for sein. 

27 min: Gult kort Vålerenga, Ivan Näsberg. Tøff i duell med Gilbert Koomson. 

41 min: Mål 2-1 Sogndal, Eirik Birkelund. For eit angrep av Sogndal. Nok ein gong er det Koomson som skapar spelet. Han rundlurar Vålerenga heilt, der han tenkjer at han skal prøve seg på eit innlegg, men så ser han Birkelund som ventar på å få ballen. Birkelund står i perfekt posisjon, utan at Vålerenga spelarane oppdagar han. Det einaste som dei oppdagar, er når ballen er komen i mål. Birkelund tek ballen på direkten, og har kontroll på ballen som reiser langs graset, og inn i lengste hjørne. Heilt sinnssjukt av bergensaren! Nation er tydeleg irritert på dommar Raggi som let spelet gå etter dytt frå Koomson på Näsberg i forkant av skåringa. 

PAUSE: Sogndal leiar fortent 2-1 over Vålerenga. Skal dette bli ein reprise av kampen i 2000, der Sogndal rykka opp på bortemål, medan Vålerenga måtte rykka ned. I dette tilfelle er det Sogndal som sjansen om å overleva, eller å rykka ned ein divisjon. Eg syns Sogndal har overtaket på Vålerenga, men eg kan ikkje heilt slå meg til ro ved kampen som blir spelt i Aalesund. For det kan hende SOgndal rykkjer ned, og det kan hende dei tek kvalikplassen. 

60 min: Gult kort Sogndal, Taijo Teniste. Hindrar ein overgong for VIF. 

65 min: Dobbeltbytte Sogndal. Stanisa Mandic ut, Bendik Bye inn. Ole Martin Rindarøy ut, Reiss Greenidge inn.

68 min: Mål 2-2 Vålerenga, Christian Grindheim. Grindheim med eit fantastisk frispark frå ca 18 meter. Ballen fer kontant i mål, og Dyngeland er sjanselaus. Dyngeland hadde vel ein tanke om at den gjekk inn, men blei litt usikker på om den gjekk over eller gjekk i mål. 

70 min: Mål 3-2 Sogndal, Taijo Teniste. Reiss Greenidge kjem med eit innlegg frå venstre, der både Bendik Bye og Taijo Teniste står i feltet og lurar. Etter mykje klabb og babb, endar ballen hjå Bye som legg tilrette for Teniste som enkelt kan skyt ballen frå fem meter, og opp i nettaket. I Teniste sine aller siste kampar for Sogndal, så skårar han endeleg sitt første mål for klubben! 

72 min: Mål 4-2 Sogndal, Martin Ramsland. Endå ein gong er det engelskmannen Reiss Greenidge som sentrar ein ball inn i feltet. Bye prøver seg frå 12 meter, men keeper redda. På streken står Ramsland som tek returen, og headar gjennom henda på Kwarasey. Etter fleire månader utan skåring, skårar endeleg Ramsland att! Det er godt for fansen, men også for sjølvkjensla til sørlendingen. 

76 min: Mål 5-2 Sogndal, Chidiebere Nwakali. Frispark til Sogndal frå ca 20 meter. Nwakali som oftast skyt over mål, og eg hade ikkje rekna med at han kom til å treffe mål. Men det gjorde nigirianaren med god margin. Ballen treff tverra, også ned i mål. Dette er eit utsøkt mål, og eg trur faktisk eit av Fosshaugane sitt finaste mål gjennom tidene!

79 min: Bytte Vålerenga. Ivan Näsberg ut, Bård Finne inn. 

87 min: Bytte Sogndal. Chidiebere Nwakali ut, Eirik Schulze inn.

88 min: Bytte Vålerenga. Markus Lekven ut, Felix Myhre inn. 

90 min: Bytte Vålerenga. Daniel Berntsen ut, Aron Dønnum inn. 

Då var kampen over, og Sogndal har sikra seg tre viktige poeng, og i tillegg kvalikplass! Stao no pao!!

Kjelder: wikipedia.no, firdalive.no

-Saftkokaren 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

saftkokaren

saftkokaren

18, Sogndal

Eg er ein person som heilt sidan 2014 har vore engasjert i fotballens verd. På denne bloggen kjem eg til å skrive om i hovudsak om Sogndal Fotball. Følgje bloggen vidare? Følg meg på Instagram: saftkokaren

Kategorier

Arkiv