Blir mørkare og mørkare på Fosshaugane Campus

Heisann!

Me spelte kamp mot Strømsgodset 29 september 2017 klokka 18:00 på Marienlyst Stadion. Dette var runde 27 av 30.

Eirik Bakke stilla med desse elleve:

 Mathias Dyngeland 

Kjetil Wæhler - Even Hovland - Reiss Greenidge

Ole Martin Rindarøy - Eirik Schulze - Didé Fofana - Taijo Teniste 

Stanisa Mandic - Martin Ramsland - Bendik Bye 

Benken: Tarjei Omenås, Ulrik Fredriksen, Eirik Skaasheim, Johan Hove, Joachim Soltvedt og Markus Brændsrød. 

14 min: 1-0 Sogndal, Bendik Bye. Enrom tabbe av Espen Bugge Pettersen som skulle senda ballen til ein medspelar, men Mandic les spelet godt og reagerer fortare, og snappar ballen opp. Han går innover i bana og der står Bye og lurar. Han rundar vekk fleire Godset spelarar, og skyt ballen i kortaste hjørne. Bugge Pettersen er på den, men klarar ikkje å redda ballen frå å komma inn i mål. 

39 min: To gule kort, Sogndal og Strømsgodset, Kjetil Wæhler (SIL), og Jakob Glesnes (SIF). Wæhler for olboge mot Marcus Pedersen. Jakob Glesnes mot protestar mot olbogen frå Wæhler, og konfronterte Wæhler fysisk. 

44 min: Mål 1-1 Francisco Júnior. Nguen kjem til eit innlegg der han slår rett inn i feltet. Ballen treff foten til Hovland som prøver å klarere, men treff ballen skeivt. Ballen reiser rett i beina på Francisco Júnior som tar skotet på direkten. Ballen treff så vidt foten til Sogndals nummer 7, Eirik Schulze, før ballen går i kassa. Dyngeland skjønnar ikkje korleis denne ballen kan gå inn, sida han sit på kne. Kanskje Dyngeland trudde at ballen gjekk over eller utanfor mål.

PAUSE: Det står 1-1 til pause på Marienlyst Stadion. Det var fortent at Sogndal hadde eit lite håp om tre poeng, men før pause kom utlikninga. Sogndal treng sårt alle dei poenga dei kan få, men for å halde seg i Eliteserien må dei ha tre poeng, og ikkje eit. Tapar dei denne kampen, blir dei tre neste kampane essensielt viktig for å halde Aalesund og Viking bak seg på tabellen. Strømsgodset har kome til mange gode sjansar, men har ikkje fått skåringar av dei. 

61 min: 2-1 Strømsgodset, Bassel Jradi. Høibråten med ein flott pasning mot Jradi i feltet. Sogndalforsvaret er ikkje på plass, og må sentre ein hjelpepasning til Nguen. Jradi går i gjennom eit vidåpent Sogndal forsvar. Ballen som blir slått av Nguen er perfekt, og Jradi har ikkje noko problem med å setje inn 2-1 frå nært hald. 

64 min: 3-1 Strømsgodset, Marcus Pedersen. Eirik Ulland Andersen med corner. Andersen med eit perfekt innlegg mot feltet som treff hovudet til Pedersen som går høgst i duell med Martin Ramsland. Pedersen klarar på meisterleg vis å få ballen til å treffe mål. Ballen går forbi alle i feltet, og festa seg til nederste stolpe. 

68 min: Dobbeltbytte Sogndal. Kjetil Wæhler ut, Ulrik Fredriksen inn. Martin Ramsland ut, Joachim Soltvedt inn. Skjønnar ikkje heilt tankegangen til Bakke her.. 

72 min: Bytte Strømsgodset. Eirik Ulland Andersen ut, Pontus Engblom inn. 

74 min: Bytte Sogndal. Eirik Schulze ut, Johan Hove inn. Endå eit bytte eg ikkje klarar å forstå.

82 min: Bytte Strømsgodset. Lars Christopher Vilsvik ut, Mounir Hamoud inn. 

86 min: 4-1 Strømsgodset, Bassel Jradi. Nguen med nok ein assist. Even Hovland går med han, men klarar ikkje å stoppe han. Jradi kjem inn i feltet, og får pasninga frå han. Jradi triksar litt før han skyt, og skyt ganske så svakt, men nøye inn i mål. Spelar vekk både Hove og Teniste, og slengande etter på kjem Utvik. Veit ikkje heilt om det er slik Sogndal skal vera mot Tromsø, gå inn i feltet, og slaska 1 minutt etter at skåringa er skåra. Det var lite til hjelp når forsvaret ikkje er samla. 

87 min: Bytte Strømsgodset. Tokmac Nguen ut, Abdul-Basit Agouda inn. 

89 min: Gult kort Sogndal, Bendik Bye. Held att Jradi. 

Kjelder: firdalive.no

-Saftkokaren

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

saftkokaren

saftkokaren

18, Sogndal

Eg er ein person som heilt sidan 2014 har vore engasjert i fotballens verd. På denne bloggen kjem eg til å skrive om i hovudsak om Sogndal Fotball. Følgje bloggen vidare? Følg meg på Instagram: saftkokaren

Kategorier

Arkiv

hits