Kippe øydelagde festen; sikra LSK tre poeng

Heisann! 

Då er 25 runde av Eliteserien spelt, og me spelte kamp mot Lillestrøm på Åråsen Stadion 15 Oktober 2017 klokka 18:00. 

Eirik Bakke stilla med desse elleve: 

Mathias Dyngeland

Reiss Greenidge - Kjetil Wæhler - Even Hovland 

Taijo Teniste - Johan Hove - Chidiebere Nwakali - Eirik Birkelund

Eirik Schulze - Martin Ramsland - Gilbert Koomson 

Benken: Tarjei Aase Omenås, Bjørn Inge Utvik, Per Magnus Steiring, Ulrik Fredriksen, Bendik Bye, Stanisa Mandic og Eirik Skaasheim.

15 min: Gult kort Sogndal, Johan Hove. Spring rett og slett ned Tagbajumi, og blir belønna med eit gult kort og suspensjon i neste heimekamp mot Sarpsborg 08. 

30 min: Gult kort Lillestrøm, Frode Kippe. Går inn i ein duell med ein enorm kraft mot Ramsland i 16 meteren til LSK. Frisparket blir rett utanfor 16-meteren, men kunne enkelt blitt eit straffespark viss veteranen hadde vore eit par meter bak. 

PAUSE: Spelet går fram og tilbake, og begge lag har kome til sjansar, men tek ikkje vare på dei. Sogndal har vore nære, og det har LSK også. Dette er ein typisk "null-null" kamp der laga kjem med sjansar, men på utruleg vis klarar dei ikkje å få ballen inn i kassa. Også reiser spelet mykje fram og tilbake, og det er Sogndal som har mest ballbesittelse. Eg tel seks cornerar på 45 minutt, 3 av dei Sogndal. To av cornerane etter kvarandre. Men det som irriterer meg mest med Sogndal kvar gong det blir frispark og cornerar, er at det er som oftast Sogndals nummer 10, Chidiebere Nwakali som skyt. Og etter fleire kampar på rad, veit eg at han bommar på 9/10 stk. No skal eg ikkje klage, for han har hatt nokre bra skudd som har enda med mål, men det er dei andre gongene han prøver seg. Ballane som han skyt, reiser himmelhøgt over mål, eller til side. Også at når Sogndal kjem til  ein sjanse, brenner han av sjølv om det ikkje er eit bra treff.. 

50 min: Bytte Sogndal. Kjetil Wæhler ut, Bjørn Inge Utvik inn. 

67 min: Gult kort Lillestrøm, Marius Amundsen. Hindrar Ramsland å komme fram. 

70 min: Bytte Sogndal. Gilbert Koomson ut, Stanisa Mandic inn. 

81 min: Bytte Lillestrøm. Fredrik Krogstad ut, Chigozie Udoji inn. 

88 min: Bytte Sogndal. Chidiebere Nwakali ut, Bendik Bye inn.

89 min: Mål 1-0 Lillestrøm, Frode Kippe. Kaos i feltet etter corneren, der ballen gjekk til fleire LSK-spelarar som blir blokkerte av Sogndal. Men, nokre få meter frå Dyngeland, klarar Kippe å styre ballen inn frå kort hald. Både Dyngeland og resten av lagkameratane hadde nok ikkje forventa å få denne i ansiktet, og trudde nok dei hadde sikra seg minst eit poeng. Men det skjedde aldri. Veldig surt for Sogndal, og  ikkje minst Bakke som forventa meir av gutta krutt!

91 min: Bytte Lillestrøm. Erik Brenden ut, Stefan Antonijevic inn. 

Kjelder: firdalive.no

-Saftkokaren 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

saftkokaren

saftkokaren

18, Sogndal

Eg er ein person som heilt sidan 2014 har vore engasjert i fotballens verd. På denne bloggen kjem eg til å skrive om i hovudsak om Sogndal Fotball. Følgje bloggen vidare? Følg meg på Instagram: saftkokaren

Kategorier

Arkiv

hits