Hovland debut; ikkje umiddelbar endring

Heisann!

Me spelte kamp mot Haugesund på Fosshaugane Campus den 17 september klokka 18:00. Dette var den 22 serierunden. 

Eirik Bakke stilla med desse elleve: 

Mathias Dyngeland 

Even Hovland - Kjetil Wæhler - Reiss Greenidge 

Eirik Skaasheim - Eirik Birkelund - Chidiebere Nwakali - Joachim Soltvedt 

Eirik Schulze - Martin Ramsland - Gilbert Koomson

Benken: Tarjei Aase Omenås, Per-Magnus Steiring, Bjørn Inge Utvik, Johan Hove, Markus Brændsrød, Bendik Bye og Stanisa Mandic. 

22 min: Gult kort Sogndal, Eirik Birkelund.

PAUSE: Ikkje så mykje spesielt som skjedde i første omgang. Begge lag angripar, men er uheldige med avsluttningane sine. Ballane som blir skote, blir til side for mål, eller himmehøgt over. Sogndal hadde kontroll den fyrste delen av omgangen, og klara å komme seg til sjansar. Det var dei som pressa mest, og ville mest, men til inga nytte. Sogndal skal vere glad med eit poeng, men skal helst ha tre for å unngå kvalik plass! 

45 - 67 min: Ikkje noko spesielt å melde frå om. Lite som skjer på bana eigentleg, to cornerar og ein sjanse til Haugesund. Ser ut som kampen kjem til å bikke 0-0 viss ikkje nokon av laget kjem med eit mirakel. 

67 min: Bytte Haugesund. Shuaibu Lalle Ibrahim ut, Fredrik Gytkjær. 

68 min: Mål 1-0 Haugesund, Fredrik Gytkjær. Dansken Fredrik Gytkjær gjer det, inbyttaren. Broren til tidelegare Haugesund-spelar Christian Gytkjær skårar eit minutt etter han kom på bana. Kristoffer Haraldseid med eit strøkent innlegg inn i boks der det står to Haugesundspelarar og to Sogndalsspelarar, inkludert debutant Even Hovland. Enten Hovland eller Skaasheim klarar ikkje å hindre skåringa, sidan dei kjem når Gytkjær allereie har skåra. Gytkjær skåra i det nærmaste hjørne, og set Dyngeland ut av spel med eit så kjapt skot. Fortent leiing. 

72 min: Bytte Sogndal. Joachim Soltvedt ut, Bendik Bye inn. Eirik Bakke med eit bytte til å gjere om på lagoppstillinga si. Omstiller posisjonen frå 3-4-3 til 4-4-2 med Bye og Ramsland på topp. 

76 min: Gult kort Sogndal, Reiss Greenidge. For hard takling på Liban Abdi. 

77 min: Gult kort Haugesund, Liban Abdi. Det ser ikkje ut som sistenemde vart skada, heller friskemeldt då han prøver å dra ut tid i deira favør. Nektar å gå av bana for sjekk, idiotisk gult kort. 

78 min: Bytte Sogndal. Chidienere Nwakali ut, Johan Hove inn. 

80 min: Bytte Sogndal. Eirik Schulze ut, Markus Brændsrød inn. 

81 min: Gult kort Haugesund, Fredrik Pallesen Knudsen. 

83 min: Bytte Haugesund. Liban Abdi ut, Anthony Ikedi inn. 

92 min: Bytte Haugesund. Aleksandar Kovacevic ut, Kristoffer Velde inn. 

SLUTT. Dette ser mørkt ut for Sogndal viss dei skal klara å halde seg i Eliteserien 2018. Dei må ta i dag, 24 September, poeng mot Aalesund. Dei ligg no førebels på trygg grunn (kvalik) med 23 poeng, same som Kristiansund som er plassen føre. Tromsø står i hakk i hjel med 22 poeng.

Kjelder: firdalive.no

-Saftkokaren 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

saftkokaren

saftkokaren

18, Sogndal

Eg er ein person som heilt sidan 2014 har vore engasjert i fotballens verd. På denne bloggen kjem eg til å skrive om i hovudsak om Sogndal Fotball. Følgje bloggen vidare? Følg meg på Instagram: saftkokaren

Kategorier

Arkiv

hits