Samspel på privaten gir gode målsjansar

Heisann!

Då var den 20 serierunden over og me spelte kamp mot Kristiansund på Fosshaugane Campus klokka 18:00.

Eirik Bakke stilla med desse 11.

 Mathias Dyngeland

Ulrik Fredriksen - Bjørn Inge Utvik - Reiss Greenidge

Taijo Teniste - Eirik Birkelund - Chidiebere Nwakali - Victor Grodås

Gilbert Koomson - Martin Ramsland - Bendik Bye

Benken: Tarjei Omenås, Eirik Skaasheim, Didé, Johan Hove, Joachim Soltvedt, Markus Brændsrød og Stanisa Mandic.

15 min: STRAFFE, SOGNDAL. Victor Grodås blir felt inne i feltet av Joakim Bjerkås.

15 min: Mål 1-0 Sogndal, Gilbert Koomson. Gilbert er sikker som alltid frå straffemerket. Også denne straffa blir satt midt i mål. Eg hadde håpa på meir wow straffe, men det er vel best at Gilbert tar det piano, elles så hadde dei misbrukt ein sjanse til å ta leiinga.

16 min: Gult kort Kristiansund, Joakim Bjerkås. Får det gule kortet på grunn av situasjonen med Grodås før straffa.

PAUSE: Sogndal går til pause med 1-0 leiing! Første gong på lenge så leiar Sogndal ein omgang. Fyrste omgong er prega poeng, sidan Sogndal er nok ein gong med i nedrykksstriden, mel dei er fortsatt over kvalikplass. Også dommar, Trygve Kjensli, har noko å seie for kampbilete. Kjensli er rutinert og er rettferdig, men det er ikkje heile tida ein kan få kjensle av det. Men skal Sogndal klare å kome seg igjennom kampen, bør dei ha marginane på si side denne

46 min: Dobbeltbytte for Kristiansund. Liridon Kalludra ut, Sondre Sørli inn. Joakim Bjerkås ut, Jean Alassane Mendy inn.

72 min: Gult kort Kristiansund, Sondre Sørli. Held att Koomson.

72 min: Bytte Kristiansund, Sverre Økland ut, Magne Hoseth inn.

76 min: Mål 2-0 Sogndal, Chidiebere Nwakali. Endå eit nydeleg frisparkperle frå nigerianern som skårar frå 25 meter. Gilbert og Chidiebere har eit godt samspel, og veit korleis dei kan servera kvarandre best mogleg. Keeper McDermott er tydeleg irritert på lagkompisane ikkje stod perfekt i muren og ikkje fekk blokkert ballen vekk frå mål. Men no skal det seiast at det var vanskeleg å få grep om ballen når han treff så perfekt.

85 min: Bytte Sogndal. Gilbert Koomson ut, Markus Brændsrød inn. Dagens 1-0 målskårar takkar for seg.

91 min: Bytte Sogndal. Bendik Bye ut, Eirik Skaasheim inn.

Kjelder: firdalive.no

-Saftkokaren

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

saftkokaren

saftkokaren

18, Sogndal

Eg er ein person som heilt sidan 2014 har vore engasjert i fotballens verd. På denne bloggen kjem eg til å skrive om i hovudsak om Sogndal Fotball. Følgje bloggen vidare? Følg meg på Instagram: saftkokaren

Kategorier

Arkiv

hits