Fekk med seg ei lærepenge heim til Sogndal

Heisann!

Då var den 19 serierunden over og me spelte kamp mot Sandefjord på Komplett Arena klokka 18:00.

Eirik Bakke stilla med desse 11:

                                 Mathias Dyngeland

Per Magnus Steiring - Kjetil Wæhler - Reiss Greenidge

Victor Grodås - Chidiebere Nwakali - Eirik Birkelund - Taijo Teniste

Eirik Schulze - Martin Ramsland - Gilbert Koomson

12 min: Gult kort Sogndal, Kjetil Wæhler. Han har hatt fleire situasjonar der han har vore hardt i motstandarane, men dommar Martin Lundby meinar at denne situasjonen kvalifiserer til gult kort. Fekk sitt tredje gule kort for sesongen, og må stå over kampen mot Kristiansund.

13 min: Gult kort Sandefjord, Enric Vallès. Dyttar til Nwakali.

14 min: Gult kort Sogndal, Chidiebere Nwakali. Dyttar til Vallès som ein hevn.

46 min: 1-0 Sandefjord, Håvard Storbæk. Joakim Olssen Solberg med ein låg corner. Ballen reiser inn i feltet, der ballen treff på ein eller anna måte sparkar ballen bak, og inn i mål. Annleis og ganske pussig mål.

PAUSE: Mykje duellar og ein del kjemping av ball. Nok ein gong er Sandefjord betre i angrepsspelet. Sogndal har ikkje fått til så mykje denne omgangen. Det er kanskje fordi Bakke sit på tribuna, og har ikkje makt over laget. Kanskje det har noko med formasjonen til Sogndal som ikkje fungerer om dagen. Sogndal bør bytta formasjon frå 3-4-3 til 4-4-2.

48 min: 1-1 Sogndal, Reiss Greenidge. Mykje klabb og babb i feltet. Eirik Birkelund klarar å gå fri, og kjem til eit innlegg. Innlegget til Birkelund, treff hovudet til Greenidge som treff ballen perfekt og inn mellom henda til keeper. Greenidge sitt første mål i ny drakt. 

64 min: Gult kort Sandefjord, Flamur Kastrati. Får gult kort for filming ved ein straffesituasjon. 

67 min: Bytte Sandefjord. Flamur Kastrati ut, Facundo Rodriguez inn. 

73 min: Bytte Sandefjord. Andrè Sødlund ut, Carlos Grossmüller inn. 

74 min: Bytte Sandefjord. Pau Morer ut, Erik Mjelde inn. 

74 min: Bytte Sogndal. Kjetil Wæhler ut, Bjørn Inge Utvik inn. 

81 min: Gult kort Sogndal, Per Magnus Steiring. Klagar på seg dette kortet. Unødvendig og idiotisk pga sitt tredje gule kort for sesongen, og må stå over kampen mot Kristiansund. 

81 min: Bytte Sogndal. Martin Ramsland ut, Markus Brændsrød inn. 

88 min: Bytte Sogndal. Gilbert Koomson ut, Bendik Bye inn. Gilbert brukar mykje tid på å komme seg ut av bana. Sandefjordspelar Olsen Solberg prøvar å gjere han oppmerksam på at han skal ut, og dreg han i drakta. Koomson blir hissig når Olsen Solberg gjer dette. Det er forståelig frå Koomson si side at han blir irritert, men han treng ikkje å bruke 2 minutt på å komme seg av bana! 

90 min: Mål 2-1 Sandefjord, Erik Mjelde. Det er så lett for Sandefjord. Sandefjord med eit perfekt angrep, ballen i feltet der Rodriguez kjem til skudd. Dyngeland må gi frå seg ballen, og der er Erik Mjelde som enkelt kan heade ballen i ope mål. 

- Det var ikkje noko særleg å sitja der. Me hadde lagt ein god plan som me følgde, men eg ønskjer å vera der nede og påverka ting. Eg får halda meg i skinnet framover slik at eg får vera der nede eg óg, seier Bakke til Sogn Avis. Sogn Avis 11 august 2017. 

Kjelder: firdalive.no, sognavis.no

-Saftkokaren

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

saftkokaren

saftkokaren

18, Sogndal

Eg er ein person som heilt sidan 2014 har vore engasjert i fotballens verd. På denne bloggen kjem eg til å skrive om i hovudsak om Sogndal Fotball. Følgje bloggen vidare? Følg meg på Instagram: saftkokaren

Kategorier

Arkiv

hits